Det blir storstilt markering i Vågen i Stavanger 4. juli 2025. 200-årsjubileet for den norske utvandringa når sitt klimaks nettopp denne dagen.
Kva skjer i Stavanger fredag 4. juli neste år? Og kva elles kan skje? Og kven vil vera med?
Velkomen til seminar tysdag 3. september 2024 i Møteplassen på Sølvberget i Stavanger. Kl. 14.00-15.30 eller 18.00 til 19.30
Det er verkeleg ei storhending som skal markerast 4. juli 2025. Frå kl. 12 til 12.45 vil det vera ein fin og høgtidleg seremoni i Vågen, før Restauration kl. 13 legg frå kai og drar ut på det store havet. Det er også andre arrangement og innslag som er planlagt denne dagen. Og me veit mange ønskjer å bidra til program og innhald. Men, kven?
Nå inviterer arrangørane 200 Crossings, Restauration, Stavanger kommune og Rogaland Fylkeskommune til ei samling for å informera, inspirera og lytta. 200 Crossings er stiftinga som står bak det nasjonale utvandrarjubileet.
På møtet 3. september vil me først fortelja om opplegget kring utseglinga til Restauration, og kva som er bestemt av program elles den 4. juli. Deretter vil me lytta til kva deltakarane i møtet ønskjer å vera med på eller har idear til. Fristen for innspel til arrangøren er 1. november. Merk at arrangøren kjem til å velja noko inn i det offisielle programmet. Men, at det også vil vera rom for at andre kan bidra utanom. Uansett treng me oversikt, slik at innhald kan samkøyrast.
Dette seminaret blir gjentatt to gonger same dag, til ulike klokkeslett. Både dag- og ettermiddagstid. Det er oppretta ein eigen påmeldingslink til samlinga. Der kan de melda dykk på til møtetidspunktet som passar dykk. Meld på innan 28. aug.
Seminaret er gratis og passar for alle som ønskjer å bidra med innslag, idear og aktivitetar i høve den store jubileumsdagen 4. juli 2025 i Stavanger.
Spørsmål av praktisk art kan rettast til prosjektmedarbeidar Ryfylke Livsgnist
v/ Maria Flesjå Sivertsen maria@ryfylkelivsgnist.no
og Tor Øyvind Skeiseid tor@ryfylkelivsgnist.no
Hjarteleg vel møtt.
På vegner av
200 Crossings (Det nasjonale utvandrarjubileet)
Stavanger kommune
Rogaland fylkeskommune
Venneforeningen Restauration